Det blir spennande å oppleve korleis denne tida aleine eller i lukka kapsel med familie påverkar oss framover. Både personleg og generelt i samfunnet. Eg har gjentatt nesten til det keisame at kunsten er å finne ro i kropp og sjel. No fell det ned som nåde over oss og det er berre å ta i mot.
Heilt utan forvarsel vart rolige tider kasta over oss. Ein travel kvardag fekk ein plutseleg bråstans. Og når det ytre livet delvis fell bort, så skifte fokuset naturleg innover. Og nesten utan å tenkje over det er vi blitt betre kjent med oss sjølv. Vi erfarer at ro i den ytre verden gir indre ro. Eller uro dukkar opp med det ein i årevis har gått stille forbi og trykt ned. Kjensler ulmar som klumpar i magen og gamle sår dukkar opp. No møter ein seg sjølv i døra. Vi erfarer oss sjølv ganske enkelt. På godt og vondt. Alt det uoppgjorte vil gjerast opp for å erfare alle sider med seg sjølv. For å bli heil og utdjupe og gå djupare inn i livet. Avdekke det falske og leve sanninga. Ser livet i større perspektiv. Leitar etter meininga med livet og stiller spørsmål med livet ein har levd så langt. Berre det å stille spørsmåla er med å røske liv i sjela og gi den litt næring. Kunsten er å jorde seg fast i sitt indre. Samle trådane saman for å skape ein ny livsstil. Einaste vegen innover er gjennom ro. Og einaste vegen for å strekke seg utover og utvide seg som menneske er gjennom ro.
Kunsten er å finne intensjonen med livet og ha noko å tru på og lengte etter. Og oppdage og skape seg sjølv. Det ei liding å ikkje kjenne seg sjølv. Ei liding fordi livet blir overflatisk og fullt av manglar. Kunsten er å vera tru mot seg sjølv. Å leve ærleg i tråd med det indre for å leve fullt og heilt.