Tornerose sov i hundre år, men menneske slekta har sove mykje lenger. Etter ein lang dvale er vi no byrja å røre på oss og er kome inn i fasen med å vakne opp. Som å vakne om morgonen med ein slumringsfase før vi er lys vakne. Vi ser nye fasetter av livet, får djupare forståing og blir ein betre versjon av oss sjølv. Vi utvidar oss som menneske.

Korona pandemien er mykje meir enn statistikkar over døde og smitta. Det handlar også om endring av bevissthet hos masse menneske. Ei kollektiv masseoppvaking der vi alle er på veg ut av tåkehavet og ser klarare bilde av landskapet. Av samfunnsstrukturane. Skarpt og tydeleg trer falske spel ein sjølv har vore med å spela fram. Ser feilskjær som kan rettast opp og ting som hastar å kome i gong med før det er for seint. Kanskje vil vi bytte ut det sjølvopptatte og egoistiske med meir ansvar og emosjonelle forhold til andre menneske. Eller til naturen. Eller bytte ut det hektiske ytre livet med å søkje innover mot meir ro. Mange blir innhenta av tidlegare tider og får ein smell. Ein smell kraftig nok til å vakne og gripe fatt for å rydde opp. Og mange kjenner på frykt og uvisse for framtida. Kunsten er å gi slepp på frykta og ha tillit til at alt ordnar seg. Eg seier ikkje at alt skjer over natta fordi vi vaknar i ulikt tempo. Og denne prosessen vi er midt oppi tar lang tid. Men kunsten er å gjere så godt ein kan og vera tilstade kontinuerleg.

Vi ser ei ny verd med blå himmel over storbyane og fuglar som slår seg ned på strendene og hjartevarme mellom menneske og tettare bufellesskap med naboar og hjelpsame varme hender. Ein vakker dag trur eg vi med handa på hjarte kan sei at etter kaoset er jorda blitt ein betre stad å leve på.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.