Formene i samfunnet står for fall. Eller rettare sagt, gamle og velkjente arbeidsformer, samværsformer, kommunikasjonsformer og andre former er ein saga blott. Over natta ein dag i mars var vi alle med å skrive historie. Før tok prosessar med samfunns endring kanskje tiår eller meir, men denne gongen skjedde det med ekspress fart. Eit kvantesprang. Vi vakna plutseleg opp til ein ny kvardag.

Menneske trivs med trygge og faste former. Vi har alltid gitt motstand til det nye, og all motstand gir som kjent trege i systemet. Men med korona i hælane hoppa vi ut i det utan sikringsnett. Teknologien låg klar og venta på oss. Det var i grunn berre å komme i gong med bursdags selskap over nettbrettet og følgje konsertar på andre sida av jordkloden og la musikarar spele saman utan å møtes og invitere instruktøren via skjermen heim i eiga stove for å ha treningstime. Vi handle mat og andre ting på nettet sjølv om butikkdørene er stengde. Undervisning skjer i lause lufta og der ein før reiste land og strand rundt på kurs og konferansar, er det no webinar og diskusjonar ansikt til ansikt på skjermen. Lange samtalar og djupe vedtak skjer utan fysisk kontakt, og vi samhandlar og løyse utfordringar raskare enn før. Det er ingenting nytt i dette, det som er nytt er at vi plutseleg tok teknologien i bruk i så stort omfang at det får plass i historiebøkene.

Gamle former er viska ut. Former som ein gong av levedyktig, misser evne til å overleva når mange nok ser gevinst med det nye. Stive rigide former heldt små grupper saman, men når grensene no er borte utfaldar vi oss utover og høyrer saman på tvers av alt. Kunsten er å stå oppreist i det nye utan gamle former.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.