Alle menneske er ein liten brikke i det store spelet. Og alle har verdi og ein misjon å gjera. Eit unikt bidrag for å skape heilskap. Ingen går på jorda tilfeldig, det er grunn for å vera her. Alt trengst for å bli heilt. Kvar liten skrue, tannhjul og fjær trengst for å lage ei klokke. Alle organ i kroppen og kvar liten celle og atom er nødvendig for å skape heile kroppen. Når vi innser at kvar enkelt er eit lite hjul i eit stort maskineri, så vil vi gjerne bidra.

Det er lett å bli usikker på kva livsoppgåva er, så derfor leitar vi etter svar. Då er det fint å starte og kjenne etter kva vi snakkar med lidenskap om. VI snakkar ofte lidenskapleg om det som ligg oss nær. Og ansiktet lyser opp og blir ivrig og smilet tittar fram. Ei tilfreds kjensle veit når ting er rett. Kunsten er å lytte til denne kjensla. Det treng ikkje vera så stort berre det gir glede. For ingen veg er feil. Vi er alltid på rett veg fordi tidlegare val har ført oss fram til dette valet i dag.

Å følgje lidenskapen gir stor sjanse til å leve ut livsoppgåva. Ein god indikator er trivsel med livet. Alt kjennes rett og arbeidet kostar lite. Trøtt kan ein saktens bli etter ein lang dag, men blir aldri drenert for krefter eller føler ein set livet på vent. Spørsmålet er kva livet ønskjer av meg, ikkje kva eg ønskjer av livet. Kunsten er å finne si livsoppgåve.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.