Eit tankefullt ansikt fullt av tankar. Så synleg på utsida kva som rører seg på innsida. Blikket flyter fjernt bort og tankane piler som mus i fullt fart rundt omkring, fram og tilbake, usystematisk og virrar uroleg i hovudet utan stopp.
Eit stappfullt sinn med bråkete tankar. Små hissigproppar der alle vil ha ein tanke merksemd. Og slikt blir det trong om plassen av. Kunsten er å falle til ro. Ein fin teknikk, eit verktøy, for å skifte fokus frå hovudet til kroppen er å puste bevisst. Berre lytte til andedrag som løfter seg inn og fell ut gjennom alle cellene i kroppen. For når tankane fell til ro så blir det romslegare. Og blikket blir klart og skarpt. Slik naturen er i stille vær. Naturen gøymer teikn til liv når det er uroleg, men i det fredfulle dukkar det opp liv og røre. Haren og andre dyr sprett fram og småkryp gir lyd. Slik tankar også kan dukke opp heilt frå det blå med eit bodskap. For til romslegare det er i tenkeboksen til større plass er det til intuitive tankar, som berre stikk kjapt innom og legg igjen eit spor.
Kunsten er å ta grep på tankane og berre gi rom til det vesentlege. Kople seg av tanken og berre observere. Eit tomrom. Ein tom tank. Ro i det indre speglar av ro i det ytre. Eit fredfullt ansikt.