Kunsten er å ta godt vare på seg sjølv fordi du er gull verdt. Men det er lett å oversjå eigne behov fordi vi er oppflaska med morsmjølka at «den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad. Og vil du denne gleda nå, då først deg sjølv du gløyma må.»

Det er nedarva i kulturen vår å setja andre først. Og tanken er god, men kan få fatale konsekvensar dersom ein går på tomgang. For når det er tomt er det lite å gi vidare. Vi har lært å fortrenge gleda og vera trist saman med dei rundt som har det vondt. Men det er stor forskjell å synes synd eller å vise medkjensle. Å synes synd på er å gå inn i same nedtrykte stemninga og blir utlada. Eller motvillig hjelper for å vera snill, og kanskje i realiteten støttar opp og tar ansvar for ein anna person. Men alle er ansvarleg for seg sjølv. Vi har kvar vår erfaring å hente og ulik livsveg. Ingen kan gå andre sin veg. Kunsten er å gå sin eigen veg og aldri blande seg bort i andre sin veg. Å vise respekt for andre sin livsveg er største hjelpa å gi. Vi skal ikkje vera krykker for kvarandre. Jo meir ærlege og autentiske vi er, jo meir glede har vi å gi. Når eit sprudlande menneske trør inn i eit rom med nedtrykt atmosfære, så vaknar det til liv. Han lar ikkje andre sine kjensler og stemninga trykke ned seg sjølv, men spreier glede rundt og løftar andre opp.

Kunsten er å vera stappfull. Som ei krukke med gull. Det er lov å vera glad, det er lov å ta vare på seg sjølv. Det er lov å ha det godt. Og når krukka er full så renn det over og spreier seg utover til alle rundt utan å bli tom.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.