Det kan vera brutalt å kome tilbake til kvardagen etter stille dagar i naturen eller ein god ferie. Intensiteten av støy omringar oss og ei lammande kjensle breier seg utover. Kroppen går nesten i sjokk av alle lydar og impulsar som treffe.
Støy er uro som skakkar oss opp eller stel bevisstheten. Ein skrikande alarm. Og når alarmen går fyk vi årvaken opp og tar aksjon. Svarer på meldingar og suge opp reklame. Opnar opp for andre sine blinkskot, eit klikk her og ein likes der eller ein krangel og munnhoggeri. Det er mykje som påverkar. Å vera kontinuerleg på vakt gir stress. Pusten blir kortpusta og grunn og ujamn. Kroppen blir stiv og fastlåst og indre organ og energikanalar kjem i ubalanse og i verste fall sett ut av spel. Ingenting fungerer lenger. Det er vanskeleg å hente seg inn igjen. Men det er inn og innover som er medisinen. For når alarmen er over og ting under kontroll, kan ein puste ut og finne ro. Kroppen tar skade av kontinuerleg alarmberedskap derfor fungerer det å puste ut etterpå. Kunsten er å balansere intens ytre støy med indre balsam. Det finnes mange verktøy, kunsten er berre å vera villig å bruke dei. Naturlege lydar eller musikk roe ned og flytter oss over i ei anna sinnstilstand. Roleg pust lar inntrykk komme til overflata. Naturen gir energi og ny frisk giv. Bølgjer rullar og slår mot fjære steinar som vakker musikk for sinnet.
På byggeplassar tar ein på verneutstyr for å verne kroppen og hovudet og føter mot uventa fallande ting. I solsteiken vernar vi oss med solkrem og solbriller. Men mot støy som er rundt oss over alt manglar vi ofte bevissthet om godt verneutstyr. Altfor mange lar seg rive med og går i sjokk av alle impulsane. Kunsten er å verne seg mot opprivande støy.