Tenk det er berre nokre dagar igjen av  dette tiåret, så rullar vi inn i år 2020. Ein syklus sluttar av. Kva minnest vi dette tiåret for? Sjølvsagt varierer det med alder og fase i livet, men i det store og heile? Historiebøker deler ofte ti åra i tidsepokar og tar pulsen på stemning og endring i samfunnet. Men midt oppi er det ofte vanskeleg å setje fingen på trenden fordi den bles usynleg forbi som vinden. Utan spor.

Men livet set alltid spor. Når ein tenkjer etter er det fullt av mirakel og opplevingar og knaggar å hengje minna på. For meg står tiåret for transformasjon med endring både i det ytre og indre livet. Det starta hektisk der eg levde som forventa og jaga gjennom kvardagen til no å leve i takt med hjarta og jorda sine puls-slag. Eg var trøtt og sliten, men no er dagane fulle av glede og undring. Den indre prosessen med sjølvutvikling har gitt resultat, og har på ein subtil måte manifestert seg i det ytre. Eg er meir autentisk, stolar på meg sjølv og er glad og takknemlig. Å utvikle sitt indre er å gjera sjela meir heil og livskrafta meir kraftfull. I det ytre livet fekk eg ny jobb, som eg også avslutta. Eg har følgt mor og far og bror gjennom sjukdom, omsorg og gravferd. Og eit vindunderleg barn er fødd inn i familien på tampen av tiåret. Kroppen har endra seg og kosthaldet er blitt lettare. I dette tiåret har eg lært å stå på hovudet, stå på hendene med litt støtte og stå i bru. Dette har skjedd fordi eg øvde og trudde det var muleg. Ingen transformasjonar kjem gratis, det trengst minst like mykje øving og praktisering på det indre plan som i det ytre for å skape endring. Dette er mi historie, medan du har ei anna historie. Fellestrekket er at all erfaring prentar seg fast i kropp og sjel og utvidar oss som menneske.

Spørsmålet er kva ein vil med livet. For livet vil oss noko. Utan å ta livet på alvor kan det fort og dramatisk snu livet på hovudet mot vår vilje. Eller eit tiår passere og spasere forbi utan å setje vesentlege spor. Kunsten er å leve livet kvar dag. Alle dagar.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.