Du trur det ikkje før du ser det, men når auga har sett så aksepterer vi. Men ofte vil vi ha handfaste bevis før vi trur. Alle bevis og fakta på bordet. Og så få godkjenning og stadfesting via andre. Det ligg stor makt i å krevje handfaste bevis.

Fornufta vil gjerne ha ei logisk forklaring og ei dømande vurdering. Dette er opplærd og nedarva i historia vår. Ingen synsing er omkvedet og det er makt bak dei orda. Hjarta vil gjerne fortelje si sanninga, men blir bunde til taushet og lagt lokk over. Eg har gjort mange analytiske, deterministiske og statistiske analysar og lærte at første spørsmålet var kva resultat ein ønskjer. Dette var viktig å vite før oppgåva starta elles kunne det bli himmelfallande feil retning på analysen og eit uventa svar. Å tenkje utanfor boksen var ofte nyttelaust fordi det passa dårleg med bilde til forventa resultat.

Mange trur det finnes meir mellom himmel og jord enn vi anar, trur at kvar dag er stappfull av mirakel berre ein opnar auga for det. Trur på teikn som dukkar opp fordi alt i livet er symbolikk. Og tankar slår inn og forklarer samanhengar. Intuisjonen, den sjette sansen, er eit kommunikasjons verktøy på lik linje med syn og hørsel. Ingen treng bevise intuisjonen fordi kjensla kjenner om det er sant eller ikkje. Andre kommuniserer ved hjelp av visuelle bilde og hørsel. Alt dette gjer sanseinntrykk tydlegare og er med å utvide livet. Å tru opnar dører inn til noko fargerikt og større, medan dei som berre vil ha handfaste bevist sit igjen med ei grå handfull. Kunsten er å utvide bevissthet og kunnskap slik at trong for handfaste bevis sleppe taket.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.