Å leve i sus og dus på overflata i det overflatiske manglar djupne. Alt er eigentleg bra utan noko manglar, men ingenting er bra likevel fordi alt manglar. For når det er overflatisk, så ligg det i ordet at det er lite kontakt med substansen under. Og det er substansen som er bærebjelken i livet. Når inntrykk blir skuflar bort utan refleksjon gir det ingen lærdom og erfaring å byggje på.
Eit hopetall lever overflatisk heile livet. Fortrenge det ubehagelige og lever i den komfortable sona. Men overflata kan fort slå sprekker når presset under blir for stort. Trur det er ytre påkjenningar som utløyse, men eigentleg bryt det uløyste gjennom. Stress bygger seg opp og emosjonelle spenningar vil ut. Kunsten er å konfrontere smerten og forløyse kjensler som dukkar opp. For det er naturstridig å berre leve på overflata. Og den som bryt naturlova, bryt saman. Det bryte ut innanfrå, ute av kontroll. Det er ikkje til å stoppe, det berre skjer. Slik brekkes menneske opp og lærer den harde vegen. Vi treng kanskje oppleve eit traume og bryte saman og brytast opp. Og kjempe kampen for å bli heil igjen og ein betre versjon av oss sjølv. Kunsten er å lære av motgang i livet. Trur kanskje sjølvutvikling og sjølvransaking er for spesielt interesserte, men det er viktig for alle. Kunsten er å starte prosessen med å reinske ut før skadene blir for store. Men det krev arbeid. Og ein må vera villig å prioritere det.
Kanskje det er menneske sin veg å gå på ein smell for å vakne opp og få betre kontakt med livet. Men smellen kan bli smertefull viss ein lever for lenge overflatisk. Alle overflater treng ei bakside for å vera i balanse. Ingen blir heil med å leve halvt. Kunsten er å gripe fatt i inntrykka og omforme dei til uttrykk.