Eg står midt i meg sjølv. Og du står i deg. Vi står i kvart vårt univers. Mange gonger misforstår vi ord som er sagt. Eller ei handling blir tolka ulikt. Det fine er at vi treng ikkje vera einige fordi vi skaper kvart vårt bilde av verkelegheten.

«Fake news» segla inn i verda med sittande presidenten i Amerika.  Manipulasjon som maktmiddel er vel kjent, det er berre utanfor fatteeven at det kan misbrukast så openlyst. Vi er oppflaska med eit hierark der alt patriarken seier er sant, og har lagt vår eiga tru og sanninga på utsida av oss sjølv. I vestlig sivilisasjon har tvilarar og skeptikarar blitt løna og beundra for spekulasjonar og negative dommar. Vi stolar meir på det ytre enn det indre. Framleis set mange si lit til statistikkar, men alle som har utarbeida statistikk veit at føresetnad ein puttar inn pregar resultatet som kjem ut. Og over tid har vi mista evna til å bruke skjønn og sunn fornuft. Eg vil påstå at det ikkje finnes bevis ute i verda eg kan stole på. Å tru på meg sjølv er det sikraste og beste. Kunsten er å finne sanninga inni seg og lære å kjenne når den kling og resonnerer  i samsvar med kropp og hjarte. Og stole på sanseinntrykka på tross av at andre utanfrå prøver rive dei i stykkar. Ingen treng bevise eit sanseinntrykk. Intuisjonen er kanskje vår viktigaste sans og er kommunikasjonskanal til ein høgare intelligens som vil oss godt. Den er ei rettesnor og referansepunkt for å orientere seg i den ytre verda og gjer bilde klarare.

Det er vanskeleg å endre bilde av verden og korleis ting fungerer. Men mange ser med nye auger på verda no og tenkjer på nye måte. Gir seg sjølv lov å oppdage at ingenting er slik det ser ut til å vera. Snur tankegangen ganske enkelt. Bilde skapt av andre fører fort på ville vegar. Vi skaper eit nytt verdsbilde med å omstrukturerer psyken for å bli bevisst vår eiga indre sanningar. Og jorde det fysisk fast med å vera autentisk i ord og handling. Slik kan tradisjonelle overtydingar sprekke og smuldre opp. Kunsten er å tenke sjølv, stole på seg sjølv og ta ansvar for eige liv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.