Ei reise sluttar når ein kjem heim att. Ein må reise ut for å oppleve den velkjente heimkjensla. Det trygge og kjære. Der alt starta og har sitt utspring frå. Det er ingen reise utan ein heimkomst.

Å kome heim igjen til kjelda er ei varm kjensle. Ein kjenner naturen sine knausar og haugar. Stien slyngjar seg oppover mot fjelltoppen og i bakken nedover til sjøen. Ut mot havet eller inne i skogen der ein er oppvaksen og kjenner stega og skulevegen ein traska på. Og veit kva som skjuler seg på innsida i huset langs vegen. Fullt av folk og slekt og slekters gang. Er på gamle trakter der ein høyrer til. Det er trygt og velkjent. Ei rot å suge næring frå, som heldt oss fast og forankre. Ein identitet som grev nedover med djupe røter. Og innover i hjarterøtene der ein er autentisk med seg sjølv. På linje og i tråd med sanne verdiar. Eit rotfeste der røtene sit djupt og heng fast. Ei gjenkjenning av noko ein har opplevd før. Det uforanderlege. Og roen ligg som ei hinne rundt og omsluttar heile meg. Eit vern. Ein har det som plomma i egget når ein er heimkomen.

Alle reiser utover for å finne tilbake innover. Utover for å sake livsvisdom som ein skal kome heim å foredle. Ei rundreise. Ei sjelereise. Kunsten er å fullføre og slutte sirkelen.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.