Å møte eit menneske som har sprotte ut er magisk. Å sprette ut er fint, men når det har sprotte ut, er det fullført. Det gnistrar av ordet. Første stavinga av ordet er full av kraft og brystkassen hevar seg opp av lyden og tar fart for å spytte ut siste del av ordet. Eit kraftfullt ord fordi det inneheld ein prosess. Slik den litle samanklemt roseknoppen startar å falda seg ut og opna opp, og lag på lag med kronblad pressa seg ut og sprette fram og blir ei vakkert fyldig rose. Sprotte er eit ord eg sjeldan brukar, men det klang spesielt godt då eg sa det til eit lyst levande menneske som bobla over av lys og liv.

På lang avstand ser ein det menneske som har sprotte ut og lever i all si kraft. Det er som ein magnet med stor tiltrekkingskraft. Det som har sprotte ut er det indre lyset som vi alle bærer inni oss. Det strålar ut frå det innarste inne og tette tjukke lag med vedheng og tung energi er skrelt bort og erstatt med ingenting. Og til mindre som skygger for lyset til sterkare og høgare frekvens skin gjennom. Det utstrålar varme og glede. Og kraft. Det krev sin mann å sprette ut og ta krafta si tilbake. Og stå i heile si kraft. For meg er det inspirasjon å møte menneske som har sprotte ut. Det er eit synleg teikn på at det er muleg å bli lyskastar ut i verda for meg og deg og alle andre. Med velvillig og iherdig arbeid kan mørklagte sinn og stivna kroppar bli mjuke og fleksible. Og sleppe lyset ut slik at det blir meir lys og varme rundt oss.

Å stå i eiga kraft er kraftfullt. Det krev styrke og ein kan bli mo i knea av mindre fordi det er så sterkt å oppdage kor uendeleg kraftfull ein sjølv kan vera.  Som ein magnet med stor tiltrekkingskraft. Kunsten er å skinne i denne mektige krafta og stråle ut i verda.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.