Ein draum er ei leiestjerne å navigere etter der vilje og intensjon og tru kan materialisere den. Alle har vel hatt draumar om nye sko eller ferietur eller ein lekker bil, og kjent gleda sitre når tingen er på plass. Men den materialistiske verda er snart kome til vegs ende, og menneske kjenner trong for noko anna. Noko djupare. Ein djupare draum.
Men for mange er denne draumen eit tomt skal. Den manglar. Ein veit ikkje kva ein vil. Er ein tilfreds utan draumar er alt såre vel! Men å vera utilfreds og misnøgd er eit teikn på å gå djupare innover for å få kontakten med draumen. Å erkjenne at draumar manglar kan gjere vondt. Men det fine er å vite om det mangelfulle og oppdage dette. Lengselen er vakna til liv, og lengsel er drivkrafta for å utvide seg. Mange lever som inntørka mumiar med lag på lag på lag med inngrodde veremåtar. Kunster er å reinske bort og skrelle av. Å avdekke er å fjerne gamle reaksjonsmønster og sår og blokkeringar for på ny å oppdage nærleik og nærvær til seg sjølv. Dette sløret av redsel og ego og stressfulle reaksjonar og vonde kjensler vi er pakka inn i fjernar kontakten med det essensielle. Hjartekontakten. Men til lenger innover ein dukkar til meir overflod av fryd og glede og kjærleikskraft dukkar opp. Og til lettare er det å få auga på draumen som har vore godt bortgøymt.
Kunsten er å skape kontakt med draumen.