Det er mange opprørte menneske i Norge for tida. Vår kjære prinsesse stod opp for kjærleiken og tok landet med storm. Ein sterk virvelvind rører opp kjenslene og får dei til å sprette ut.
Eg skjønar godt at kombinasjonen svarthuda og sjaman vekkjer sterkare kjensler enn å banne i kyrkja. Det provoserer fordommane våre som er nedarva gjennom generasjonar og har djupe røter i historia. Å pirke i ein fordom er som å sende sjokkbølgjer gjennom kropp og sjel, og det ristar som eit ragnarok innvendig. Det rører borti noko. Eg synes det er fint at djupe kjensler boblar opp til overflata og ser dagens lys. Slik kan dei forløyse seg. Å blir sint på ein anna person reflekterer at vårt eige kjensleliv er i ubalanse. Uforløyste kjensler ligg og ulmar i botn, og slår sprekker når eit møte på utsida gir gjenklang på innsida. Ein kan velje å bite sinne i seg og skubbe det under teppe, slik at det ligg der å ulmar til neste gong nokon kastar eld på glørne. Eller ein kan velje å gå inn i seg sjølv og transformere kjensla til noko anna. Nøytralisere og vaske bort det vonde. Gjere det klart og reint. Det er som skyer på himmelen. Når sola skin gjennom med sterkt lys så forsvinn skyene. Dei er transformert over til noko anna, og er ikkje lenger til hinder for lyset. Dei er borte slik også kjensler forsvinn som dogg for sola når dei vert forløyst.
Og når ting er transformert over i noko anna så er det ingenting som provoserer til å meine noko fordi det er meiningslaust. Det betyr ingenting. Det berre er. Livet er ingen herre over, det går sine eigne vegar. Ingenting skjer tilfeldig. Det er viktig lærdom å la ting ligge i ro. Slik at ein kan stå i eiga kraft og ikkje strø emosjonell energi utover til inga nytte. Kunsten er å forløyse kjensler og omforma dei til medkjensle og takksemd.