Makta i verden i dag er samla på svært få hender og det er ei skremmande oppdaging. Vesentlige endringar i samfunnet skjer bak lukka dører i mørke rom. Utan innsyn. Der kyniske, manipulerande og egosentriske grunnpilarar er bærebjelkar. Vi er flaska opp med demokrati der folket er med å påverke retning og verdival, og avgjerdsler er synlege både i forkant og etterpå. Etter mange historiske år med å byggje eit fundament på menneskeverd og rettferd, så er vi faktisk på god veg tilbake til diktatur der menneska blir trødd på.
Dei siste tiåra har Amazone og Apple og Facebook og Youtube og andre nettgigantar vokse fram og kuppa heile samfunnet. På avstand ser vi at dei faktisk har endra heile kulturen vår. Med kontroll over nyhetsstraumen har dei tatt fokuset bort frå det vesentlege og framhevar det som er smått og uvesentlege. Vi les truskuldige nyheiter frå venner medan dei påverkar eit presidentval eller gir støtte til najonalistiske leiarer. Alt skjer usynleg på bakrommet. Salg av personlege brukardata inkludert all informasjon om venners venner til Cambridge Analyse skjedde i all hemmlighet. Eller den massive overvakinga som kvar enkelt av oss kontinuerlig er utsatt for. Vi veit det skjer, men kan ikkje stoppe det. Og så er det algortimer i programvarene som vi må underkaste oss. Før hadde datamaskinen hardware og software der softwaren var kontrollert av superbrukaren. Vi var fullt bevisst at slik var det, men programvarene var små og enkle og det var kort avstand frå brukar til superbrukar dersom ein trong utvida lese eller skrive tilgang. No er hardwaren kontrollert av eit lite knippe menneske som styrer ein stor menneskemasse. Der avgjerdsler vert tatt i lukka rom av nokre ganske få personar utan rapporteringsplikt eller moralsk ansvar. Vi må hjelpelaus godta at slik er det og ser konturar av eit diktatur som misbrukar menneskeslekta enten vi Like det eller ikkje.
Kunsten er å gjennomskode spelet. Skitne spel kan ikkje overleve i lengda, på eit eller anna tidspunkt brotnar det naturleg saman. Og maktstrukturen er blitt meir synlege fordi vi er meir oppvakte og sanning piplar gjennom. Og når sanninga pressar på kan det fort slå sprekker. Det er ei tid for alt.