Ein er alltid på rett stad til rett tid. Enten det er kvikklunsj i påskefjellet eller hyttetur ved sjøen eller ganske enkel arbeidar som normalt på heimlege trakter. Det er alltid ein grunn for å vera der ein er i dag, og kunsten er å leve ut situasjonen.

Når ein er glad og fornøgd, så er hjarta på rett stad. Hjarta og sinn er samstemt, og det er balanse mellom å vera der ute og ha kontakt med seg sjølv. Men er ein misfornøgd i livet så tar tankane lett over og ulmar og pressar på og opptar større og større plass. Dei stengjer solsida ute og snur ryggen til det gode. Lagar tankar om at alle andre har det triveleg og gøy, medan ein sjølv er utanfor og fanga i ein håplaus situasjon. Trur at gleda finnes der ute. Egoet sit i høgsetet og skapar forventningar og fordømer. Tankane forsvarer og rettferdiggjer seg sjølv eller eigne handlingar eller gir skulda til andre personer. Det er å misse seg sjølv og kontakten med kjenslene. Ein blir oppdelt. Eit sterkt ego forsterkar avstanden til fred og glede og splittar hjartefreden. Og når ting er splitta er dei ikkje heile. Det er når alt er heilt at det er heilhjarta. Kunsten er å endre innstilling eller gjere forandring og lærer å vera takknemlig for dei ein er saman med og det ein gjer. Og lytte til hjarta og kaste lys over sine indre sanningar og følgje hjartas lyst. Hjarta talar alltid sanninga og er trufast og pålitelig. Og så snart leksa er lært og lærdomen oppdaga, så flyttar situasjonen seg over til noko anna.

Gleda startar med dei små tinga i livet og spreier seg ut derifrå. Alt veks frå hjarta og utover, og når ego-et fell ned frå sin høge hest så finn hjarte og sinn på nytt fred med kvarandre.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.