Det synkrone skjer når meiningsfulle og samanfallande hendingar inntreffe. Intuitivt kjem vi i snakk med ein framande som gir inspirasjon eller innspel som kan gi ny vending i livet. Ein får ofte hjelp når ein treng det. Det er merkeleg korleis eit enkelt råd dukkar opp til rett tidspunkt frå uventa hald og kan forløyse oppgåva ein strevar med.

Ting heng saman på ein merkeleg måte når vi lar det skje. Vi snakkar om sola, så skin ho seier vi når einkvan dukkar opp i same åndedrag som vi tenkte på han. Eller brukar magekjensla for å velje den eine eller andre vegen, og tilfeldigvis treff ein gamal kjenning.  Vi skuflar det bort med å kalle det tilfeldig samantreff og ofte passere det utan å blir registrert. Men tida en inne for å opne auga og utvide bevisstheten. Kunsten er å oppdage synkronitet i livet, og det første skrittet er ganske enkelt å akseptere at ingenting skjer tilfeldig. Intuisjonen har rotfesta seg hos folk flest fordi vi har erfart den fungerer. Den er blitt akseptert. Vi har utvida bevissheten slik at det ukjent er blir velkjent. Medan synkronisitet framleis er i dvale fordi vi vil forstå før vi trur. Kunsten er å akseptere synkronitet og slutte å avfeie det med tilfeldigheter. Og når vi brukar både intuisjonen og aksepterer synkronitet, så er livet i flyt. Ting skjer samtidig og i rett rekkefølgje, og det eine avløyser det andre. Det berre skjer. Mjuke handlingar innfiltra i kvarandre strøymer som vatn i elva. Å ha ein intensjon og opne opp for å flyte med i det som dukkar opp i dagen gir livet mulighet å utfalde seg fritt. Slik kan ein skape livet. Og plutseleg kan eit tilsynelatande monotont liv bli mystisk og eventyrleg.

Kunsten er å bli bevisst synkronisitet og forvente det skjer. Og vera aktiv for at ting skal få lov å skje. Livet gir oss mystiske tilfeldigheter som vi ikkje alltid skjønar med forstanden, men å akseptere er å utvide bevisstheten.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.