Eg har omtala bestevennen min før, men gjer det gjerne ein gong til. Min beste venn er pusten som strøymer gjennom meg dag ut og dag inn, og gir næring til kropp og sjel. Som gir meg liv fordi pusten er levande, og han følgjer meg trufast som skuggen ein solskinsdag.

Men pusten har fått lite merksemd gjennom livet, den har vore både kort og grunn og stoppa i øvre del av kroppen. Der sat han bom fast fordi sperrer og blokkeringar hindra han å kome djupt ned i magen. No observerer eg  pusten på rundturen, og han bryte lettare gjennom hindringar som har satt seg fast i kroppen når han får merksemd. Det går leikande lett når han tar over maskineriet og eg kan berre slappe av og la roa senke seg. Det er den djupe pusten som set oss fri. Til større rom pusten får, til meir oksygen pressar seg inn. Slik ein fjelltur eller treningstur gir påfyll og ny giv fordi heile systemet får tilført meir luft. Det gir overskot. Eit andedrag er livsviktig og når det i tillegg får merksemd og bevissthet så er det fullt av alt. Av livskraft. Av livsenergi. Det er i grunn det same kva ein kallar det, men for meg er det naturleg å sei den heilage ande fordi det speglar kulturen eg er vaksen opp i. Det er lettast med det ein har fått inn med morsmjølka. Men kjært barn har mange namn, og nokre kalla den prana eller chi og kanskje er det fleire namn som er ukjent  for meg.

Pusten er felles for oss alle. Vi andar inn og ut den same lufta. Kunsten er å gi pusten bevissthet. Og er vi  bevisste pusten så vert den full av livskraft. Eg vil gjerne anbefale boka «Pustens mirakel» av Andy Caponigro, den har vore til stor glede for meg.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.