Nokre gonger går tida veldig seint og ein er årvaken tilstade. Lurer nesten på om tida eksisterer. Den flyt som fløyelsvind i lufta, omfamnar alt og er i likevekt, rytme og harmoni. Ting kjem og går og dukkar opp og forsvinn. Ingenting ligg i vegen og ingenting på vent og alt legg seg til rette til rett tid. Eg tenkjer er det ikkje meir som står på, ingenting som må gjerast?
Verden er plutseleg todelt der den eine delen berre må gjera, medan den andre er å vera. Å gjera har vi fått inn med morsmjølka, men mange har gløymt korleis det er å vera. Kunsten er å vera bevisst kva tilstand ein velje å vera. Til meir ein gjer, til fortare går alt og dagen forsvinn som eit sukk. Og åra går som ein karusell rundt og rundt i evig ring. Alt skal gjerast før ein har tid å trekkje pusten. Og etterpå ser ein tilbake på det som var. Kunsten er å finne tilstanden der tida sniglar seg bortover i akkurat passe tempo. Der ego-et har mista grepet, og tankar er blitt avkorta og venjeklipte. Forventingar eller fordomar til seg sjølv og andre får ingen respons lenger. Ting er som det er, og det får vera i fred. Når ein gir andre ting fred, så blir det stor plass til ingenting. Kunsten er å stole på at ingen treng gjera noko for å leve og kjenne nærvær til livet. Det er nok å vera.
Å gjera eller vera er motpolar i livet inntil ein oppdagar at å vera omfamnar begge to. Eit kjenneteikn på å vera tilstade er at tida går seinare og seinare og nesten forsvinn. Og alt som skal gjerast blir gjort med å vera.