Vi skrik høgt i fortviling over ungdom som annonserer slåsskamp til fryd og glede for dei som står i ringen rundt og filmar hendinga. Eller ser skrått på dei som mobbar. Men sluker rått og likegyldig reality seriar på fjernsynet med intriger og sleivspark og simpelt spel for å vinne den store premien. Vi kosar oss med det eine og fordømer det andre, medan spelet om å vinne er likt.
Menneske som tar avstand frå mobbing kan vera likegyldig til simpel underhaldning, og sender ut eit tvitydig bodskap til barn og ungdommar som skal lære livet sine spelereglar. Vi applauderer og glorifiserer ein vinnar som trakkar ned medspelarane med å kritisere og manipulere og vera sjofel. Der høgdepunktet er å gjere andre vondt og splitte samhaldet i gruppa med alliansar. Til meir ekstremt det er, til større er vinnarsjansen. Det viser kor djupt vi har falle ned i splitt og hersk teknikkar. Vi deler i to alt som kan delast, og karakterisere andre som betre eller dårlegare, finare eller styggare. Og grunnlaget for mobbing er lagt med å skape dårleg sjølvbilde og vera utilstrekkeleg og mislikt. Medan sosial utvikling i samfunnet er rørsle mot heilskap. Det er gjennom omsorg vi spelar kvarandre gode. Slik vi såg då fysisk handikappa menneske hjelpte kvarandre på vegen mot toppen. Alle skal med. Å vera der for kvarandre skaper kjensle av å bli verdsatt og vi smeltar saman i felles glede. Det er å bli heil.
Kunsten er å vera bevisst kva ein gir merksemd til. Utan sjåarar blir programma raskt fjerna. For at menneskeslekta skal bli heil og frisk må vi gi næring til det sanne og snu ryggen til det vonde. Det er vi vaksne som viser veg og spreie bevissthet blant dei unge. Kunsten er å vera autentiske med seg sjølv og leve sanninga fullt og heilt.