Arbeid utført med flid og omtanke er godt arbeid. Slik tømmermannen legg sjela i kvart spikarslag og set si ære i arbeidet. Vi kan stole på at grunnmuren i huset er solid og reisverket står oppreist i harde stormar. Det er bygd på ansvarskjensle med ein trufast og lojal undertone.
Men vi ser mykje simpelt og uærleg arbeid. Grunnmuren har nesten smuldra bort. Det har vore gode tider for slauren som gir lovnad og lyg og fer over arbeidet med ein harelabb, og skruppellaus snur ryggen til etterpå. Ein uvitande bileigar leverer bilen på verkstad i god tru, for så å oppdage å ha betalt for noko unødvendig eller for arbeid som ikkje er utført. Tilliten er vaska bort og vi stolar ikkje på kvarandre lenger. Den ærlege handelen er borte. Eller han som betalar i god tru når halve jobben er gjort og når pengane er vel overført sit han at med skjegget i postkassen og halvgjort jobb. Arbeidaren er fordufta og snik seg ansvarslaust unna si eiga handlinga. Og samfunnsrøysta ljomar at slik er det berre! Ein kan ikkje forvente noko anna når ein er så dum, seier dei. Og lar offeret sitje at med skamma og skulda. Vi bryr oss ikkje lenger, og simpelt arbeid er stillteiande og gradvis blitt akseptert. Vi kjenner ei innvendig skurring og veit det er feil, men overser og lar det skure vidare.
Ærefullt arbeid har eit fundament av omhug og ansvarskjensle og arbeidsglede. Kunsten er å vera villig til å bygge samfunnet på solide verdiar slik at grunnmuren blir grundig og stødig. Vi kan alle legge vår ære i arbeidet og verdsetje det ærlege og ekte. Slik kan ein ny arbeidsmoral vekse fram.