Ein god dans løyser opp fordi det forløyser spenningar og stress i kroppen. Og dansen gir magiske opplevingar. Vi slepp kroppen fri og lar den finne sitt eige utrykk slik at gamle mønster og avtrykk og fastgrodde knutar løyser seg opp blir reparert.  Etter ei frisk danseøkt på golvet er vi lealause og kjenner nærleik til gleda.

Eg har endeleg oppdaga mi indre kraft som trer fram når eg smeltar saman med meg sjølv. For mange år sidan hadde eg vondt i armen, og ein kveld rett før eg sovna opplevde eg at armen byrja røre seg utan «mi» hjelp. Det kom ei forsiktig vriding. Etterpå var armen frisk. Eg veit ikkje kva som skjedde, og det betyr ingenting heller. Eg tenkte ikkje meir over det, men har aldri gløymt det. No har eg oppdaga at kroppen kan byrje å svinge og røre på seg utan mi hjelp når eg er roleg og tankelaus og kjenner pusten flyte. Akkurat som i dansen når eg sluttar å kontrollere og ubevisst tar neste steg. Det berre skjer. Det er kroppen som ordnar opp og heilar seg sjølv for å bli heil og frisk. Eg trengte ei stadfesting frå utsida for å skjøne dette. Og håpar mi erfaring kan hjelpe deg å tru på og oppdage di kraft som kan reparerer fysiske plager og emosjonelle sår.

Kunsten er å vera i mental stillhet og smelte saman med kroppen slik at spenningar og stress kan gi slepp og reparere seg sjølv. Det er ikkje så viktig å vite kva som skjer, men la det få lov å skje.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.