Eit nytt år og ein ny start. Nye blanke ark folde seg ut for å openberre nye dagar av livet. Alt er muleg. Alt kan skje. Den nye tida er her. Det nye skjer kvar dag.

Eg føler alltid det er noko magisk i overgangen frå det eine året til det andre fordi om året er som ein sirkel utan start og slutt. Slik det eine året sluttar, startar det neste. Men undervegs utvidar bevisstheten seg, og gamle tankar og fatteevne brotnar saman og fell bort. Kunsten er å oppdage kor mykje det er å vera takksam for. Lyset skin gjennom når vi omgir oss med gode tankar og vakre ting og hjartelege menneske. Vårt indre lys kan stråle djupt frå innsida og utover. Vi er alle ein lysberar. Ingen andre kan kvele dette lyset, det er berre eigen negativitet som kan knekke det. Kunsten er å velje stien der lyset skin klart og ignorer mørket slik at det misser styrke. Ute i den ytre verda er det mykje elendighet og vondskap. Både korrupsjon og maktmisbrukt og meiningslause ting skjer, og vi har tapte illusjonar om mellommenneskelege forhold. Vår eiga indre sanninga byrjar å vakle i trua på vegen vidare til menneskeslekta. Men eg trur at det gamle mørket er nøydt å falle når nye energiar og sanningar pressar på. Overalt møter eg strålande menneske. Og mange menneska over heile jordkloden bærer lys no for at jorda skal bli opplyst, og sanninga kome fram.

La det nye året bli ei indre oppdagarferd som aktivere steget ut i det ukjente og fyller dei blanke arka med glede og trua på lyset. Å berre gå langs same gamle vegen dag inn og dag ut fører ingen stad. Kunsten er å tru at lyset kan skubbe mørke bort.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.