Å gjere kvarandre gode

Den sterkaste overlever ser ut til å vera ein leveregel og væremåte i samfunnet fordi om det er naturstridig. Vi er alle eit,  og menneska er skapt for å støtte skulder ved skulder og saman gjere kvarandre sterke. Men vår indre naturlege sanning er blitt avslipt og forvrengt, og bevisstlause og handlingslamma flyt vi med i straumen utan å bry oss.

Eit lite handlesenter i nærleiken av meg treng dei kundane som er for å overleve. Samtidig som den nye blomebutikken opna fylte matbutikken rett over gangen hyllene med overflod av fargerike billige blomebukettar. Vi ser det overalt, butikkar som ligg vegg i vegg konkurrerer og slåss mot kvarandre i staden for å vise lag-ånd. Og eg lurer på kven matbutikken konkurrerer med. Eg trur ikkje dei skjønar det sjølv heller fordi butikkane har kvar sin misjon til kundane. Dei sa til meg at dei er pressa av forhandlar til å ta inn større volum med blomar. Men misser handlesenteret blomebutikken, så misser dei jammen mange  kundar og. Og då kan sjølv dei store sterke byrja å slite. Ein overser at den litle gir god hjelp til den store, og slik får fellesskap til å blomstre. Vi ser oss fargeblinde på at konkurranse er bra, og har mista gangsyn og oversiktsbilde. Samfunnet har elta og knadd oss til å tru at den sterkaste har livets rett. Derfor vernar vi om vårt eige, og sloss og kjempar med nebb og klør for å stenge andre ute. Menneskeslekta er blitt splitta opp og oppdelt og har gløymt si ekte sanninga.

Vi treng snu tankane våre, og stole på det naturlege instinktet at å gjera andre glad er den største gleda. Kunsten er å  gjere kvarandre gode. Og skape teamarbeid og finne gleda med felles resultat. Slik at det er til det beste for alle.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.