Endelig ligg det hekla sengeteppe i fanget mitt. Heilt ferdig. Og eg kjenner gleda varme over fanget. Teppet manglar ein vask og etterpå skal det stivast for å setje prikken over i-en, men når det er gjort er det heilt slutt. Det var faktisk herleg å finna ein gløymt tråd midt på teppet. Godt at det ikkje var heilt slutt. Ennå litt å hengje fingrane i.
Sengeteppet sitt vidare liv er å liggje til pryd for auga, og glede for dei som ser på det. No er det tida for sengeteppet å gje noko tilbake. Alt arbeidet eg har lagt ned i teppe, skal eg no få tilbake. Kvar dag framover. Eg er trist fordi det er slutt med å grave fram den kvite heklelappen. Den var så truskuldig der den låg i hendene mine. Nesten ingenting. Men når den fekk koma saman med alle dei andre lappane, vart den så vakker. Saman laga dei ein heilhet.
Det starta som ein draum om noko langt der framme. Etter fem ferdige små heklelappar, la eg dei over den nyreia senga og lukka auga for å sjå resten. Korleis dei skulle dekke over senga, strekke seg frå eine enden til den andre og tilslutt lage eit sengeteppe. Då visste eg det var langt fram, og mykje arbeid og strev låg framføre meg. Men strev gir også glede, og det er undervegs det er lettast å kjenne gleda. Og eg lengta mot den dagen teppe vart ferdig. Utan den minste aning om kor langt tid det skulle ta. Det var uoversiktleg langt fram i livet. Sommaren etter prøvde eg på nytt lappane over senga. Men det var ikkje fleire lappar enn at eg så vidt fekk målt lengda, og med godvilje breidda av teppe. Eit endelaust arbeid, som måtte ta den tida det trengte. Men det var i grunn ikkje noko hast. Og lappane vart til slutt min følgjesvein, ein om gongen, den eine etter den andre. Dei var så enkle å ta med i veska. Dei fylte opp tomrommet mellom andre kjekkare handarbeid som festlege genserar og fargerike broderi. Det var tomrommet desse lappane erstatta. Dei var aldri så viktige, fordi det berre var tomrommet dei fylt opp. Men dei gav tryggleik. Dei var der jo alltid. Dei var for handa når det ikkje var noko anna å hengje fingrane i. Du var ikkje så viktig, men du var viktig noko til å få av mi tid.
Tankane mine er hekla inn i desse små lappane. Tankar eg har fått undervegs på reise rundt i verda, frå aust til vest eller rundt omkring i Noreg. Dei har vore med meg på ferie og har reist på ferjer. Har verkeleg fått oppleve litt desse små. Og så har dei sett mykje fjernsyn. Håpar inderleg at dei ikkje er blitt skada av det. For det er ikkje ratt litt graps dei har fått med seg. Ja, ein veit jo aldri kva som kan lagre seg i ein liten heklelapp, det er vel ikkje nokon som har forska på det ennå. Og dei er blitt våte av tårer. Og dei har høyrt latter. Ja mykje er hekla inn i desse lappane, kvar til si tid har dei fått ein bit av livet, og saman har dei mykje å snakke om og lang erfaring. Det høyrer saman. Ein kan ikkje skilje den eine frå den andre. Mitt teppe er full av tankar og opplevingar, og det ligg noko innimellom løkkene som berre eg kan sjå. Noko som høyrer til i teppe. Noko som ein ikkje kan vaske ut.
Ja, det er rart å kjenne varmen frå det ferdige sengeteppe. Det gir tryggleik å kjenne tyngen av alt dette garnet som har omforma seg gjennom åra. Slik det gav meg tryggleik den dagen eg studerte fem lappar på rekkje og rad på ei kvit seng. Det var noko fast å gripe til i overskueleg framtid. Trua på at eg skulle oppleve å bli ferdig var i grunn det einaste eg hadde. Det andre var berre tomrom. Ingenting. Men trua på meg sjølv gav eg aldri opp. Og meir enn ein gong lurte eg på vitsen med alt strevet, medan eg fortsette å hekle lappar i mange dagar og mange år. Eg gav ikkje opp fordi om målet låg som ein dis i horisonten. Sengeteppet læret meg å aldri gi opp.
Eg er fylt med glede, men også vemod. Det var eit mål , men eit mål er ein illusjon. Det er tomt rundt meg, fordi om teppe varmar. Det som alltid har fylt tomrommet er borte. Plassen er tom. Rollene er skifta frå arbeidskrefter eg gav frå meg, til eg no skal få og ta i mot. Eg skal ta imot noko av det eg har lagt i teppet. Eg er ikkje klar for rolleskifte for forandring er så vondt. Eg har arbeid meg bort frå noko gamalt, og skal avslutte. Det er tid for å starte på noko nytt. Kanskje på eit nytt sengeteppe? Nei aldri – eg skal vidare, ikkje dvele ved gamal tryggleik. Men berre eg vågar og tør, vil den nye tida mellom meg og teppe mitt bli mykje betre enn den vi har hatt. Slitet er borte og no kan eg ause av gleda teppe gjev. No kjem kvar enkelt bit til sin rett, saman er dei storslåtte. Det er noko som er ferdig og avslutta. Det er noko som er blitt ein heilskap. Og det er deilig. Hadde det vore så enkelt som å hoppe bukk over dei 95 lappane som mangla første gongen eg målte, kunne eg ikkje gripe det varme teppe mellom fingaren i dag. Hadde eg visst kor mange lappar det var eg mangla første gongen eg målte, er det ikkje godt å vite kva eg hadde brukt resten av garnet til. Noko må vera usynleg for oss for at vi skal fortsetje. For ikkje miste motet i startgropa. Derfor skjulte teppe denne sanninga for meg. Heldigvis. Elles hadde eg kanskje på lettvindt vis kjøpte eit hekleteppe. På same måte med andre lettvindte ting eg gjer. Men noko hadde mangla. Dei usynlege tankane som er hekla inn i mitt teppe hadde mangla. Merkene frå nokre år av livet mitt hadde mangla. Eg ville ikkje og kunne ikkje vore utan dei. Men no er eg glad det er over. På veg mot nye tider.
Takk for følgje mitt kjære sengeteppe. No skal du få ein vask og så skal eg pleie deg litt. Etterpå skal du stråle til meg og minne meg på ei svunnen tid. Og kjenner eg deg rett vil du vel ha litt pleie med gjevne mellomrom, slik at vi ikkje gløymer kvarandre.