Nyheter no til dags er både enkle og overflatiske. Flate og grunne. Einsforma og einspora i alle kanalar. Eit mord her og ei forsvinning der, og ei ulykke og litt som spelar på redsla for eit eller anna. Og så vidare til innlysande råd om noko som er heilt sjølvsagt og tilslutt eit sjokkbilde eller to, ganske enkelt syltynne tomme nyheter. I eit velfrisert samfunn blir små ting store saker. Det er snart berre underhaldningsnyheter igjen. Det er nok å skumme overskrifta og gå vidare til neste. Er vi alle blitt dummare eller trur media vi er naive og ekstremt flyktige individ?
Eit mord blir presentert og kanskje utbrodert, og får stort oppslag. Eller ei ulykke. Men innhaldet surfar berre på overflata. Ulykker og mord er overrepresentert og favner heile verda, og ingen kan ta all elendighet inn i seg derfor blir ein likegyldig. Det går ut og inn same øyre, før ein flyktar vidare til neste sak. Det trenger ikkje inn til kjernen i oss og går forbi utan refleksjon. Men det nære og kjente tar oss inn i ein tilstand til faktisk å forstå hendinga og sjå dimensjonar slik at ein får medkjensle eller gjer eigne refleksjonar. Men no blir nyheter presentert slik at vi vert avkopla og utkobla i staden for å bli tilkopla. Og over tid så blir ein påverka og hjernevaska. Ein blir tynnare i hjernen og tankane går helst i enkle baner. Krysstenking er borte. Og over tid har dette fungert bra, for no er vi så like og rettlinja alle saman, at når det er eit menneske som talar Roma midt i mot for eksempel om skulesituasjonen til ein med downs syndrom (eller mongoloid som vi sa før utan å vera nedlatande på noko som helst måte, men eg seier det ikkje høgt lenger i fare for å bli hetsa) så er det alle mot ein. Alle dei som «har rett» og er i rette boksen mot den som står aleine. Ei lite nyansert svart – kvit vurdering. Det er ein ny trend dette med å finne syndebukkar, og snart er det ingen som tør reiser seg opp å sei si meining i vår frie demokratiske land.
Det er ein myte at folk skal ha det så enkelt. Lett underhaldning, lett reklame, lette bøker, lett kiosklitteratur og snart fjørlette aviser. Men det er farleg å tru på mytar. Dei fleste av oss er faktisk svært reflekterte menneske med djupna i livet, og media tar grundig feil når dei legg seg på lista lett underhaldning. Og gjer oss dummare enn vi er for ein skal aldri undervurdere noko menneske. For mykje av det folk er opptatt av er totalt fråverande i massemedia. Det blir ikkje omtale dersom underhaldningsverdien ikkje er høg nok, eller kommersielt nok. Når symfoniorkesteret har konsert eller det er eit bokbad eller ein debatt så strøymer folk til frå alle kantar og huset er fylt til randa med ulike folk med ulike væremåtar og ulik alder og ulike kler. Det er ei lite homogen gruppe med det felles at dei vil synke djupt ned i gode tonar eller få nye impulsar. Det er her massane finnes no, utanfor nyhetsbilde og overflate overskriftene. Men dei er usynlege for media vil ha kontroll. Dei kan misse grepet. Derfor sklir dei forsiktig utanfor og appellerer til dei få øyeblikksdyrkande individa som enno er i fri flyt. Dei som har ei rot å henge fast i flyt ikkje med lenger.